Nytt i NMM - Beskjedar og oppdateringslogg

Denne sida inneheld ein logg over oppdateringar på sidene, slik at du lett skal finne endringar som er gjort undervegs. Nyaste melding vert alltid liggande øvst i lista.


8. mai 08: Tips til litteratur-lista oppdatert.
Lista med tips til sjølvvald litteratur for utviklingsdelen revidert (lagt til ei bok på praktisk naturfag og ny kategori for skriving i naturfag).

7. mai 08: Utviklingsarbeidet - tips til litteratur er lagt ut. Lysark frå samling 2.
Tips til sjølvvald litteratur for utviklingsdelen av studiet er nå lagt ut, sjå nettsida om utviklingsarbeid. Lysark frå plenuminnlegget og verkstaden til Marianne Ødegaard er og lagt ut.

22. april 08: Utviklingsarbeidet - tips til litteratur vert lagt ut.
Etter første innlevering er det på tide å sjå seg om etter relevant litteratur til eiget utviklingsarbeid (kvar deltakar skal legge opp 100-150 sider sjølvvald pensum). Rettleiargruppa er i gang med å utvikle ei liste over litteratur for dei mest valde fokusområda for utviklingsarbeid. Deltakarar som er usikre eller treng hjelp kan såleis ta utgangspunkt i denne. Lista vert å laste ned frå nettsida om utviklingsarbeid.

21. april 08: Lysark til GPS-verkstad + revidert infoark til fysikkverkstad («Tante...»).
Lysark til verkstaden «GPS, satellittbilder og SAREPTA» og revidert infoark til «"Tante, kan du sjå gjennom veggen?" - fysikk for dei små» (no med pensumliste) er lagt ut.

17. april 08: Ny ressursside på www.hivolda.no/nmm.
Det er oppretta ei ny side med farelevante ressurser og lenkjer, t.d. ressurser som kan vere til hjelp i samband med gjennomføring av etterarbeid ol. Sjå nedst i menyen i venstremargen

16. april 08: Oppgåver til fugletrekk-verkstaden på samling 2 lagt ut. Litteraturlista til verkstaden er òg revidert.
Etterarbeid for verkstaden «Trekkfugler og fuglesang. Observasjon av vårtegn med vekt på trekkfugler og fuglesang» er lagt ut. Revidert informasjonsark er òg lagt ut der litteraturoversikt og pensum er revidert/gjort meir tydeleg. Merk at det er viktig å komme i gong snarast for dei som skal gjere denne oppgåva.

14. april 08: Lysark til verkstad + oppgåver til astronomi- og T&D-verkstader på samling 2 lagt ut.
Lysark til verkstaden «Fysikk og kjemiforsøk i barne- og ungdomsskolen - mange elever og lite utstyr» er lagt ut.

Etterarbeid for verkstadane «Astronomiundervisning med eit mobilt planetarium» og «Stabile konstruksjoner» er lagt ut. Oppgåvene er å finne saman med verkstaden. Frist for levering er 15. august (sjå elles oppgåveteksten).

8. april 08: Oppgåve til fysikkverkstad samling 2 lagt ut.
Etterarbeid for verkstaden «"Tante, kan du sjå gjennom veggen?" - fysikk for dei små» er lagt ut. Oppgåver til dei tre andre verkstadene med etterarbeid vert lagt ut så snart dei er klare. Oppgåvene er å finne saman med verkstaden. Frist for levering er 15. august (sjå elles oppgåveteksten).

2. april 08: Videoer frå samling 1.
Video frå samling 1 er lagt ut. Dette gjeld nokre av verkstadene og demonstrasjon av nokre forsøk frå knallforedraget (underhaldninga).

18. mars 08: Verkstadpåmelding til samling 2.
Pga datakluss i påmeldinga er denne utsett ei veke. Ny frist er tysdag 25. mars kl. 09.00.

10. mars 08: Om fråver frå samlingar for vidareutdanningsdeltakarar.
For å gå opp til eksamen må ein ha møtt til minimum 80% av verkstadene (dvs. 20% fråver, i tillegg kjem krav om innleveringar, studiering mm). For første eksamen (desember 08) betyr dette eit akseptabelt fråver på 2 verkstader, dvs. 1/2 samling. For dei som er borte ei heil samling vert det laga til eit kompensatorisk arbeid med krav til frammøte. av tilsvarande omfang. Det vert da mindre grad av fridom enn på dei ordinære samlingane. Fråver gir ikkje fritak frå litteratur, og dei som manglar verkstader innanfor 20%-grensa vil bli kontakta. Dei får velje mellom verkstader som har vore og må sette seg inn i fagstoffet på eiga hand. Har ein fråver på meir enn ei samling vert det ikkje høve til å gå opp til eksamen.

Tidleg mars 08: Lagt ut og revidert verkstadbeskrivingar for samling 2 (NSKR, Sjustjerna)