|
Ifølgje kalenderen er mars den første vårmånaden. Korleis står det så til med våren i Volda? Om ein tok seg ein tur ut i dag, kunne ein høyre fuglar som kvitra og sjå snø som smelta.
Tekst og foto: Lone Øverås Domaas
Snøklokkene, krokusane og gåsungane er også utsprogne. Eit og anna forelska par kunne også observerast. Eg intervjua nokre studentar og to born for å få vite om dei er klar for våren og kva dei gler seg mest til?

| Gler seg til grilling
Signe Marlene Kalvikhagen (21) og Monica Sæbø (21) seier at dei er meir enn klar for våren.
- Eg har vore klar får våren sidan obtober, seier Monica.
Dei forbind sol, snøklokker, varme, fuglekvitter og solbriller med våren.
- Vi gler oss mest til å kunne sitje ute i sola, grille, brenne bål og gå tur i skogen, seier dei |
 Signe Marlene Kalvikhagen og Monica Sæbø
|
|
Oskar Daniel (9) og Katrine Sofie (8) seier at dei gler seg veldig over dei mange vårteikna.
- Vår er lukta av jord, elver fulle av vatn og dyr, seier Oskar Daniel.
- Eg tenkjer på blomar med våren, seier Katrine Sofie.
Dei gler seg mest til at dyra kjem ut av hiet, at endene kjem tilbake i elva og at det blir varmare |
 Oskar Daniel og Katrine Sofie
|
|
Aleksander Goksøyr (24) gler seg også veldig over våren. Han ser for seg grønt gras, fotball og krabbteiner når han tenkjer på våren.
- Eg gler meg mest til å ete softis i sola og å kunne bæsje ute i det fri, seier han. |
 Aleksander Goksøyr
|
|