|
- Her på skulebiblioteket har vi vel mest pensumlitteratur, men vi les då andre bøker sjølv, seier bibliotekar Anne-Grethe Engebretsen. Den norske tradisjonen er å lese krim i påska, men Engebretsen meinar at krim kan ein lese heile året, difor er det ikkje berre krim ho kan anbefale.
Ein skulle kanskje tru at ein biblotekar les svært mykje litteratur, men Engebretsen seier at ho ikkje alltid har tid til det. Men ho freistar å lese ein del krim, og vi fekk ho til å anbefale nokre bøker til dei leselystne. - Eg kan anbefale nokre nordiske forfattarar, smiler Engebretsen og nemner forfattarar som Thomas Kanger, Karin Alvtegen, Sara Blædel, Arne Dahl, Jørgen Gunnerud, og Arnaldur Indridason.
|
 - Eg les krim heile året, ikkje berre i påska, seier Anne-Grethe Engebretsen |
|
Filmtips
Biblioteket har også filmar til utlån, og Engebretsen tek oss med til dvd-hylla. Ho dreg fram den danske filmen Nattevakten.
- Denne er spennande, seier ho. Filmen handlar om ei nattevakt på eit likhus, der noko mistenkeleg byrjar å hende. Dersom dette er i skumlaste laget, kan ein kanskje velge den neste filmen ho trekk fram; Oh brother, where art thou? Dette er ei livlig historie basert på Homer sin Odysseen, men sett til Amerika på 30-talet med blant andre George Clooney.
- Dersom ein vil ha noko roleg ein påskekveld, kan ein gå for finske filmar, hevdar Engebretsen. Ho anbefalar filmar av regissøren Aki Kaurismaki. Men ho advarer om at desse kan vere litt treige for enkelte. - Ein gong eg såg ein film av Kaurismaki merka eg ikkje at eg hadde sett på islandske tekstar før eg var langt inne i filmen, fordi der var så lite dialog, ler ho.
Vi takkar for tipsa, tek farvel med Engebretsen og speidar oss ut eit par filmar som ganske sikkert skal lånast med heim i påska.
|