|
Billeg produksjon
Karane hadde ikkje budsjett, og brukte mest tid på planlegginga. - Å få tak i kostymer, og ikkje minst symjehallen tok ein del tid. Innspelinga tok berre ein dag, opplyser Erlend.
Filmen er den første av to, og det vil kome meir marknadsføring, med anna ei brosjyre. Erlend seier at den andre filmen etter planen blir enno meir engasjerande. - Den neste filmen vert meir kreativ og vi jobbar med å få den ut i slutten av denne månaden eller i starten av Mai, seier han engasjert.
Statist
Erlend er musikar og laga musikken sjøl. Trompetisten og cellisten i filmen spelte inn sine instrument medan dj'en, Helge Bryhn, som er dj til vanleg denne gongen kun var statist. Vi tok ein prat med Helge om filmen.
- Det er så mykje snakk om at studentar ikkje er engasjerte nok, så eg prøvar å bidra litt, seier Helge om kvifor han vart med. Han tykkjer det er morosamt å få vere med i ein film som skal brukast i promotering av Høgskulen.
Helge tykkjer filmen er eit godt tiltak, og er fornøgd med at ein også kan vise fram litt meir utypiske musikksjangrar. - Det skal handle om mangfold. Det skal vere ei avdeling for alle menneske så Erlend og Audun Hepsø som laga filmen la fleire element i ein smeltedigel og da var det på plass med en dj også, smiler Helge.
Vi gleder oss til den andre promoen, og filmen Stupeballerina kan du sjå her.
|