|
Publisert av Tone Sørensen
15. til 22. mai i år skal tredjeårsstudentane på musikklinja ved HVO gjennomføre til saman sju konsertar. Dette er ein del av bacheloroppgåva som studentane kan velje.
Konsert på Rokken Det er sju studentar som har valt å ta bacheloreksamenen sin på denne litt uvanlege måten. Ein av desse er Trond Haugen Knutsen frå Valderøya. Konserten til Knutsen skal haldast på Rokken 22. mai. - Eg gler meg vilt, eg trur og håper dette skal bli ein aldeles strålande konsert, seier musikkstudenten. Han starta planlegginga av konserten allereie i fjor, og er godt i rute. |
 Trond Hauge Knutsen håper han får publikum med seg i løpet av den 45 minuttar lange eksamenkonserten på Rokken i mai. |
|
Funky allsong Tittelen på konserten er Drømmenes aften og namnet kjem frå bandet til Knutsen som kallar seg Dream weaver. Dei fem andre medlemmene frå bandet skal vere med og spele under bachelorkonserten, i tillegg har han fått med seg tre blåsarar til å løfte konsert-opplevinga mot slutten. - Dette blir ein konsert der ein får med seg heile spekteret, seier Knutsen. Det heile startar med litt metal og sluttar med funk. Knutsen håper dette får publikum til å syngje med. - Dette kan bli ein god fest, uttalar den snart eksamenklare studenten.
Dreg nytte av nærmiljøet Dei andre konsertane kjem til å bli haldne på forskjellige stadar i nærområdet, til dømes i symjehallen på idrettsbygget. - Voldastudentane får eit høve til å framføre musikken sin for publikum på grunn av det gode samarbeidet med nærmiljøet i Volda, seier bacheloransvarlege i musikk, Reidun Bjørlykke. Ho poengterer at det slett ikkje er så vanleg andre stadar i landet at musikkstudentar får opptre så mykje for eit levande publikum. - Tettstaden Volda er unik på den måten, seier ho.
|