Idrett - historia

Idrett årsstudium/Grunnfag idrett (60 stp) vart etablert i 1971, og sidan den gong har meir enn 1000 studentar studert på ”idrettslinja” ved Volda lærarhøgskule – og frå 1994; Høgskulen i Volda. Vi har alltid rekruttert studentar frå heile landet til dette studietilbodet, og i dag finn vi våre ”kandidatar” i mange ulike yrke, både innan offentleg og privat sektor.

Studieeininga vart starta som eit vidareutdanningstilbod for lærarar i skulen, men har og fungert som ein "inngangsport" for ungdom som vil studere kroppsøving/idrett/friluftsliv, eller berre ha eit spennande og aktivt studieår. No kan Idrett årsstudium veljast 3. eller 4. år i lærarutdanninga  og det vil for dei fleste vere eit av åra i Bachelorstudiet i idrett og friluftsliv. 

I dag er Fysisk fostring og Kroppsøving nemningar på fag innan førskule- og almennlærarutdanning, både på grunn-nivå og som fagtilbod innan fordjupingsdel av utdanning. Høgskulen i Volda var tidleg ute med å tilby tverrfagleg fordjupingseining  innan Utefag 30stp (Naturfag og Fysisk fostring) i førskulelærarutdanninga, og denne eininga har no vore ”på plakaten” over 20 år.

Friluftsliv har vore eit sentralt tema i vårt fagmiljø gjennom mange år, og frå ca. 1990 har dette vore prioritert satsingsområde for seksjonen. Satsinga førte m.a. til at det vart utvikla eit deltids-studietilbod på 30stp. tidleg på 1990-talet -  Friluftsliv halvårsstudium.  Oppstarting av 60stp Friluftsliv årsstudium på 200 nivå hausten 2000, markerte eit høgdepunkt for den målretta satsinga som seksjonen gjorde vedtak om for ca. 15 år sidan!

Eit siste høgdepunkt var hausten 2003 då vi kunne starte Bachelor i idrett og friluftsliv.  Alle studium ved Seksjon for idrett og friluftsliv, kan gå inn i dette bachelorstudiet der fordjupinga ligg i Friluftsliv årsstudium. Frå hausten 2009 vil vi også kunne tilby idrett fordjuping.

Studieåret 2008/2009 starta Seksjon for idrett og friluftsliv opp eitt nytt studium - 30stp Idrett. I studiet inngår dei to emna Ballspel 15stp og Skiutdanning 15stp ,dette ser ut til å bli eit svært populært studiumsom kan inngå i Bachelor i idrett og friluftsliv. Studiet går om våren og vert organisert som eit deltidstudium.

Del

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Kristian Fuglseth 2009-01-09 11:39:07 | Publisert med NetEd : Publish