Medievitskap

Faget medievitskap har eit omfang på 45 studiepoeng, er felles for alle grunnutdanningane ved avdelinga: animasjon, informasjon og journalistikk. Det stør opp omkring desse og fagområda er samordna. Undervisninga er fordelt på tre semester i utdanningane. Faget kan og takast som ein del av andre Bachelor gradar (BA). BA i animasjon, informasjon og journalistikk.  Medievitskap kvalifiserer i kombinasjon med journalistikk og informasjon til direkte opptak mastergrad (MA) (hovudfag) i medievitskap ved universiteta. Emner frå medievitskap blir og kombinert med andre utdanningar ved HVO. Undervisninga i Medievitskap 111 og Medievitskap 201 skjer om hausten, medan undervisninga i Medievitskap 112 skjer om våren.

Medievitskap er eit tverrfagleg studium som kombinerer teoretiske og analytiske tilnærmingsmåtar. Målet for faget medievitskap er å gi ei innføring i studiet av medie- og kommunikasjonsformene i dagens samfunn. Dette betyr at studentane skal få kjennskap til både medias historiske og samfunnsmessige vilkår og funksjonar i eit heilskapsperspektiv, samt dei einskilde media sine spesielle eigenskapar. Medievitskap er lagt til rette slik at ein nyttar samfunnsvitskapelege, kulturvitskaplege og humanvitskapelege perspektiv for å gi kunnskap studentane kan nytte i grunnutdanningane. Faget skal gi studentane eit teori- og kunnskapsgrunnlag som er relevant for å tolke, analysere og forstå ulike sider ved media og deira rolle i samfunnet.

Les meir om emna 111, 112 & 201

Interessert i å søke til opptaket i 2009? Poenggrenser for opptak finst på Samordnaopptak sine sider. Vend deg til Studentkontoret når du vil ha søkadsskjema.

Del

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Erling Sivertsen 2008-12-02 15:03:28 | Publisert med NetEd : Publish

 

 

AMF Aktuelt

Volda foto
02.04.2009
Brurås og Bjerke disputerer i april
01.04.2009

 

 

Studentmedia

Næravisa

Studentradio med direkte sending kvar dag kl. 19.00