Nyheitssøk | Nytt på e-post | Presseklipp | Ut i verda?
| Ny bok om Kollektivet | ||
|
I fjor debuterte Torbjørn Lien frå animasjonsmiljøet ved Høgskulen i Volda, med teikneserien Kollektivet i bokform. I haust er den viltre gjengen tilbake i oppfylgjaren ”Begjær til besvær”. [ Les meir ] - 12.11.2007 |
|
|
| Nytt forskingsprosjekt skal betra lærarutdanninga | ||
|
Dei to neste åra skal tilsette ved Høgskulen i Volda studera matematikk- og norskfaget i allmennlærarutdanninga. Oppdraget er ein del av forskingsprosjektet ”Nyutdannede læreres mestring av yrket”, eit arbeid med mål om å betra kvaliteten på lærarutdanninga. [ Les meir ] - 11.11.2007 |
|
|
| Studentar frå Media, IKT og Design med live-sending av teknologiturnering. | ||
|
Laurdag 10 november startar årets sending av teknologiturneringen FIRST LEGO League. Studentar ved Høgskulen i Volda overførar ei direktesending fra turneringen i Ålesund. Turneringen har rekordpåmelding og det er venta vel 1100 menneskjer på arrangementet. [ Les meir ] - 09.11.2007 |
|
|
| HMS-dag: Høgskulen tek opp omstilling | ||
|
- Høgskulen har dette året vore gjennom ein omfattande omstillingsprosess. Dette vert temaet for eit dagsseminar torsdag 8. nov, der vi set Helse, miljø og tryggleik (HMS)på dagsorden, melder Rune Mo, hovudvernombod ved Høgskulen i Volda. Vi får besøk av mellom anna universitetslektor Gunhild Zeiner Ingstad frå NTNU, og ho skal halde innlegget "Kvifor er omstillingsprosessar så skumle?”
[ Les meir ] - 07.11.2007 |
|
|
| LMU og STiV inviterer til info-møte | ||
|
Lurer du på hva det egentlig betyr å være tillitsvalgt? Vil du vite mer om hvilke muligheter og rettigheter du har, og hvordan du kan benytte deg av dem? Eller kanskje du har lyst til å møte andre tillitsvalgte på Høgskolen i Volda? [ Les meir ] - 06.11.2007 |
|
|
| Professor Hellesnes føreles om toleranse | ||
|
Onsdag 7. november kl 18.15 held filosof Jon Hellesnes si siste førelesing som professor II ved Høgskulen i Volda. Førelesinga er eit ledd i seminarrekka knytt til Mastergradsstudiet i kulturmøte, og har tittelen ”Kulturmøte - og spørsmålet om toleranse i vår tid.” Førelesinga vert halden på Berte Kanutte-huset, rom 158, og er open for alle.
[ Les meir ] - 06.11.2007 |
|
|
| Ny bok om Matias Orheim | ||
|
I desse dagar kjem Birger Løvlie ut med ei bok om salmediktaren, komponisten og romanforfattaren Matias Orheim (1884-1958) frå Stårheim i Nordfjord. I samband med bokutgjevinga vert det eit eige arrangement på Orheimstunet på Stårheim 10. november kl. 19. [ Les meir ] - 06.11.2007 |
|
|
| 60-årsjubilant avslutta FESTiVOLDA | ||
|
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda avslutta FESTiVOLDA-festivalen med Mozart sin symfoni nr. 31, "Pariser-symfonien” søndag, som ei markering av sitt 60 års-jubileum. - 60 år er eit fantastisk jubileum for eit orkester som har hatt lang og tru teneste, jublar Rune Bergmann. [ Les meir ] - 04.11.2007 |
|
|
| Seminaret "Biografien i nynorskverda" | ||
|
Ivar Aasen-instituttet og Norsk Ordbok inviterer til seminaret "Biografien i nynorskverda" i Forskarnettverket i nynorsk skriftkultur onsdag 21. november kl. 10.00. Møtet vert lagt til Stavanger i samband med MONS-møtet 22-24. november. [ Les meir ] - 02.11.2007 |
|
|
| Forsking på ekte leik | ||
|
- Ekte leik er barna sin måte å leve på, der dei sjølve avgjer kva dei skal leike, kvar, korleis og med kven denne leiken skal gå føre seg, seier Asbjørn Flemmen, som er ein av dei som har forska på korleis barn leiker i stimulerande rørslemiljø. Han har skrive eitt av kapitla i boka "Several Perspectives on Children’s Play". Seksten forskarar frå Vest- og Aust-Europa, Nord-Amerika og Asia skriv der om si forsking og sine perspektiv på leik.
[ Les meir ] - 01.11.2007 |
|
|