Bergen Open Research Archive >
Faculty of Social Sciences >
Department of Information Science and Media Studies >
Department of Information Science and Media Studies >
Denne identifikatoren kan du bruke til å sitere eller lenke til denne innførselen:
http://hdl.handle.net/1956/2582
|
| Tittel: | Eu-striden på leiarplass: ein retorisk analyse av fire norske dagsaviser |
| Forfattere: | Breivik, Ingunn |
| Dato: | 2006 |
| Forlag: | The University of Bergen |
| Sammendrag: | Temaet for oppgåva er den norske EU-debatten som fann stad i førekant av avstemminga i 1994,
og korleis denne arta seg på leiarplass i Klassekampen, Nationen, Dagbladet og Bergens Tidende.
EU-saka er ei politisk sak, men blei tatt opp til diskusjon også i organisasjonar og fora som til
vanleg er apolitiske. Til dømes tok blant anna fagforeiningar, næringslivsorganisasjonar og
interesseorganisasjonar av varierande storleik offentleg standpunkt i saka. Målrørsla og
fråhaldsrørsla tok til dømes eit aktivt nei-standpunkt. Når det gjaldt mediene, så var dei fleste av
dei store dagsavisene ja-aviser. NRK og TV2 derimot var nøytrale.
Etter andre verdskrigen er det inga anna politisk sak som har skapt så sterke kjensler i det
norske folket som dei to avstemmingane i 1972 og 1994. Saka skapte på same tid eit intenst
samhald og ei like intens splitting. Årsakene til den norske EU-motstanden er mange og
komplekse. Faktorar som Noreg si geografiske plassering, tradisjonell atlantisk orientering,
sentrum-periferi konflikt og dei såkalla motkulturane vert ofte nemnde som forklaringar på den
kraftige motstanden. Når det gjeld konfliktnivået i folket, kan sjølve folkeavstemminga også hatt
noko å seie. I avstemminga var det snakk om å velje eitt av to, eit kompromiss var altså utelukka. |
| Beskrivelse: | Dette en er bearbeidet utgave av oppgaven. Rettelser gjelder skrivefeil (februar 2008). |
| URI: | http://hdl.handle.net/1956/2582 |
| Vises i samlingene: | Department of Information Science and Media Studies
|
Alle innførsler i BORA er beskyttet av opphavsrett