Avdelinga har ansvar for å rettleie om og forvalte alkohollova. Avdelinga gjev også rettleiing til kommunane i rusmiddelpolitiske spørsmål, fyrst og fremst juridiske spørsmål innan alkohol- og narkotikalovgjevnad og alkohollova.
Avdelinga skal stimulere det rusførebyggande arbeidet blant anna gjennom å gje tilskot til frivillig innsats. Avdelinga gjennomfører også landsdekkande informasjons- og haldningsskapande tiltak.
Avdelinga har ansvar for å bidra til å vidareutvikle tenestetilbodet for rusmiddelmisbrukarar på kommunalt nivå og i de spesialiserte tenestene.
Avdelinga har også ansvar for å følge opp handlingsplanen mot pengespelproblem.
Hovudmål
Avdelinga skal bidra til å redusere de individuelle og samfunnsmessige skadane av rusmiddelbruk gjennom førebyggande arbeid, forvaltning av alkoholloven og gode tenester til menneske med rusrelaterte problem.
Satsingsområde
Medverke til å førebygge all rusmiddelmisbruk, med særlig fokus på førebyggande arbeid blant barn og unge
Sikre god og relevant informasjon om rusmidlar og effektive verkemidlar for å redusere rusrelaterte problem
Medverke til god kvalitet i behandling og helsetenester for rusmiddelmisbrukarar og deira pårørande
Medverke til å utvikle målretta og samordnande fø rebyggande innsats på kommunalt nivå