Fritekst Person

Næringslivsdagane ved HiST

25.-26. september 2007 har som hovudmål å få til ein gjensidig presentasjon mellom det lokale næringslivet og studentar og tilsette ved HiST.  Andre dagen vil byens innbyggarar og spesielt dei vidaregåande skolane i sentrum bli inviterte. Arrangementet vil føregå på Kalvskinnet.

Det er lyst ut ein posterkonkurranse der alle tilsette ved HiST er inviterte til å presentere sine vitskplege arbeid.  Alle posterane vil hange oppe i messelokalet i løpet av heile arrangementet, og premieringa vil skje under arrangementet.

Vi har gått ut til lokale bedrifter som har interesse for våre kandidatar og invitert dei til å ha stand og presentere seg ved HiST.

Og vi har bede fagmiljøa om å vera synlege og dessutan legge til rette for at studentane får tid til å delta.

Arrangementet er eit samarbeid med NCI Instrumenteringsklynga, Oi! Trøndersk mat og drikke og NITO-studentane.  Arrangementet er av Norges Forskingsråd (NFR) vurdert som eit så nyskapande forskingsdagarrangement at det – som eitt av berre ni i heile landet – har fått arrangementsstønad frå NFR.

HiSTHøgskolen i Sør-Trøndelag  * 7004 Trondheim * Tlf.: 73 55 90 00 * Faks: 73 55 90 51  * E-post: postmottak@hist.no
HiST Høgskolen i Sør-Trøndelag
7004 Trondheim
Tlf.: 73 55 90 00
Faks: 73 55 90 51
E-post: postmottak@hist.no