Fagdidaktikk

"Fagdidaktikk er alle de refleksjoner en kan knytte til et fag og undervisning av dette faget, som kan gi økt kunnskap om fagets beskaffenhet, om fagets legitimering og økt kunnskap om hvordan kan læres, undervises og utvikles"
(Lorentzen o.a. 1998:7/Aase 1990 i NorgesForskningsråd 2004, KUPP s. 51).

Det er vesentleg å fremje forskingsbasert kunnskap, innsikt og forståing av korleis sjykepleiefaget blir formidla, lært og utvikla.

Fagdidaktiske utfordringar er relatert til studenten, lærar og rettleiar, sjukepleierettleiarar i praksisfeltet og sensor. Ved Avdeling for sjukepleie omfattar dette bachelor, master og alle vidareutdanningane i sjukepleie, der rammeplanane med forskrift og fagplanar vil vere styrande og samstundes krevje forskingsbasert innsikt i fagdidaktikk. Vidare vil fagdidaktikken i sjukepleie omfatte sjølve utøvinga av sjukepleie som praksisdisiplin og yrke. Den fagdidaktiske FOU- utfordringa har som mål å betre for ein profesjonell sjukepleiepraksis.

Læringa til studentane i praksisstudiane, i spesialist- og kommunehelsetenesta, er av stor betydning. Ein kritisk faktor er tilrettelegginga av rammeføresetnader for læring i praksisstudiane, noko som gjer det naudsynt med forskingsmessig innsikt i fagdidaktikken i sjukepleien.

Fagdidaktiske problemstillingar handlar om formidling av sjukepleie som basisfag/disiplin, og utforming av undervisningsfaget. Se forøvrig undersider for ulike fagdidaktiske FoU-prosjekter.

 Fagdidaktisk utvalg
 ASP

       
Referat 19.02.2014
 
 
 
 

 

HiST på facebook
Utskrift
Del eller legg til som bokmerke