Internasjonale studiesentre og nettverkssentre

OFNEC - Fransk-norsk studiesenter i Caen

OFNEC er eit fransk-norsk samarbeidstiltak oppretta i 1983 mellom universiteta i Bergen, Trondheim, Oslo og Universitetet i Caen.

Lenke til OFNEC.

DNSZ - Tysk-norsk studiesenter i Kiel (Auf Deutsch)

DNSZ er eit tysk-norsk samarbeidstiltak med to målsettingar: å tilby tyskkurs for norske studenter og tilsette, og å stimulera til forskingsmobilitet mellom Tyskland og Norge innan alle fagdisipliner.

Det norske universitetssenter i St. Petersburg

- er åpent for forskings- og undervisningsaktivitet innan alle vitskapelige fagfelt. Undervisning ved senteret er tilrettelagt i samarbeid med partnarane i St. Petersburg og utgjer ein naturleg og integrert del av opplæringa i russisk språk, kultur og litteratur ved dei norske universiteta.

Lenke til senteret

Senter for fransk-norsk forskningssamarbeid innen samfunnsvitenskap og humaniora

Senteret fremmer forskingssamarbeid mellom Norge og Frankrike innan samfunnsvitskap og humaniora. Spesiell vekt er på forskarutdanning ved dei norske medlemsinstitusjonane. Senteret støtter også kortare forskingsopphald for norske forskarrekruttar i Frankrike.

Det norske institutt i Athen for klassiske studier, arkeologi og kulturhistorie

- blei oppretta av Norges Universitetsråd i 1989 og vert drive av universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim i fellesskap. Instituttet driv undervisning, forsking, publisering og formidling av gresk kultur, historie, arkeologi og språk for dei norske universiteta. Aktivitet har vore retta mot den antikke kulturarven; det er også fokus på meir moderne gresk kulturliv.

Lenke til instituttet.

NSC - Norsk studiesenter i York

NSC ved University of York er et fast studiesenter som i hovudsak er tilpassa studenter fra norske universitet og høgskoler. Senteret har også etter- og vidareutdanningskurs for lærarar og grupper fra offentleg og privat sektor.

Lenke til NSC

DNIR - Det norske institutt i Roma

- er eit senter for forsking, undervisning og formidling innan arkeologi, kunst- og kulturhistorie relatert til Italia og middelhavsområda. Studier av antikken og betydninga for vestleg kultur, religion, språk, litteratur og samfunnsforhold heilt frem til i dag, samlar forskarar og studenter fra ulike fag.

Lenke til DNIR


Ansvarlig for prosjektet: Håkon Fottland





Universitetet i Tromsø tek del i ei rekkje internasjonale studiesentre og institutt. Desse er oppretta i samarbeid mellom fleire norske universitet. Ei sentral oppgave for studiesentra er å byggja bru mellom norsk og internasjonal forskning, spesielt innan samfunnsvitskap og humaniora. Nokre av sentra tilbyr også språkkurs for studenter og tilsatte.

Det er HSL-fakultetet som ivaretek UiT sine interesser her fordi språk, land- og kulturkunnskap tradisjonelt har vore hovudfokus. Slik kunnskap er likevel i aukande grad viktig for alle studentar og forskarar ved UiT.

Illustrasjonen er ei ordsky av prinsippet om forskingsetikk i EUs Charter for forskere på engelsk, tysk, fransk, spansk og italiensk.