Foreslåtte endringar i åndsverklova inneber at privatpersonar i mindre grad kan kopiere materiale til eige bruk, og i større grad er ansvarleg for lovlegskapen av kopien dei tek. Korleis skal dette handhevast? spør Datatilsynet.
Datatilsynet trur ikkje politiet vil kunne prioritere etterforsking av saker med ulovleg nedlasting av kopiverna materiale.Den private overvakinga av fildelingstenester vil derimot auke dersom lova blir vedteken slik den er foreslått, seier Datatilsynet i eit brev til Stortingets familie-, kultur- og administrasjonskomité.Komitéen bad om innspel i saka i samband med ei open komitéhøyring den 6. april i år.
Få prosessreglar for dei som overvaker
Skjult overvaking utførd av private aktørar er uheldig.
Private som overvaker er ikkje underlagde dei same reglene som politiet – og den einskilde som blir utsett for slik overvaking vil derfor ikkje ha same garanti for rettryggleiken sin.
Datatilsynet har sett fleire eksempel på at private overvaker fildelingstenester på Internett på oppdrag frå rettshavarar.Overvakinga har anten skjett manuelt eller automatisk ved hjelp av eiga programvare.Opplysningane som blir samla inn av private aktørar kan gi eit detaljert bilete av enkeltpersonar sine interesser og vanar.
Problemstillinga er også kjend frå Sverige, der Datatilsynets svenske systerorganisasjon, Datainspektionen, no granskar Antipiratbyrån for lovbrot etter slik overvaking.
Les Datatilsynet sitt innspel til Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen. (pdf, nytt vindauge)
Working document on data protection issues related to intellectual property rights. Artikkel 29-gruppa, eit rådgjevande EU-organ for personvern (pdf, nytt vindauge)