Finansnæringens hovedorganisasjon (FNH) klaga på vilkår i forsikringskonsesjonen frå Datatilsynet. Personvernnemnda har behandla klaga.
Kredittvurdering
FNH klaga på eit konsesjonsvilkår om at ei kredittvurdering ikkje kunne brukast i risikovurderingar av kunden.Personvernnemnda etterkomar ikkje klaga, og understrekar at forsikringsselskapa heller ikkje kan be om samtykke frå kunden til å bruke kredittvurdering i risikovurderinga.
Journalen skal bli gjennomgått før den blir sendt
Det blei også klaga på eit konsesjonsvilkår som legg opp til at når selskapet innhentar personopplysningar frå andre enn forsikringstakeren sjølv, skal primært ein kompetent person hos den som sender frå seg materialet vurdere kva som er relevant å sende.
Personvernnemnda la til grunn at konsesjonsvilkåret ikkje inneber meir enn dei krava til å vurdere relevans som allereie ligg i lovgivinga.Blant anna gir personopplysningslova ei sjølvstendig plikt til den som skal utlevere informasjon om å vurdere kvarvide opplysningane er tilstrekkelege og relevante for formålet.Eit samtykke til utlevering av opplysningane fritek ikkje frå plikta til vurdere dette.
Skriftleg samtykke
Eit vilkår om skriftleg samtykke når selskapet skal nytte sensitive opplysningar blei også klagebehandla av Personvernnemnda.Nemnda er einig med Datatilsynet i at samtykket skal vere skriftleg, men legg til ein sikringsventil til bruk i nødstilfelle.Selskapa skal kunne behandle opplysningar utan slikt samtykke om det er nødvendig for å vareta forsikringstakeren sine vitale interesser i situasjonar der han eller ho ikkje er i stand til å samtykkje skriftleg.
Selskapa treng heller ikkje skaffe skriftleg samtykke for innhenting av sensitive opplysningar når det blir inngått kollektive forsikringsavtalar.
Les nemnda si avgjerd (pdf, nytt vindauge)