Er konsernkundar latare enn andre kundar?
(07.06.2005) Gunnel Helmers 
print

Eit lovforslag legg opp til at finanskonsern skal kunne utveksle kundeinformasjon internt i konsernet utan kunden sitt samtykke.

Kunden skal i staden få høve til å reservere seg.I praksis vil dette innebere at den som teier, samtykkjer til at andre delar av konsernet som meiner at dei kan trenge kundeopplysningane får tilgjenge til dei, for eksempel for å marknadsføre andre konsernprodukt direkte mot kundane.

Eit paradoks

Grunngivinga for å gå bort frå hovudregelen om aktivt samtykke er blant anna næringa si oppfatning av at dei fleste kundar er passive til oppfordringar om aktiv medverknad.

Datatilsynet meiner retten til ikkje å svare som ein sentral del av valfridomen.- Dersom vedkomande ikkje ønskjer å delta, skal ikkje den einskilde tvingast til aktivt å seie nei, skriv Datatilsynet i høyringsfråsegna.

Tilsynet peikar på eit paradoks:Når bransjen ikkje forventar eit aktivt samtykke, korleis kan den då forvente at dei som ikkje ønskjer utlevering av eigne personopplysningar faktisk kjem til å reservere seg?

Retten til å fastsetje sjølv over eigne personopplysningar, hovudsakleg ved aktivt, frivillig og informert samtykke, er ein grunnstein i europeisk personverntradisjon, og det klare utgangspunktet for norsk personvernlovgiving.

Les høringsuttalelsen (pdf, nytt vindu)

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy