Avslag til Folkehelseinstituttet
(29.08.2005) Gunnel Helmers 
print

Folkehelseinstituttet (FHI) ønskte løyve til å lage ein varig forskningsfil med opplysningar om 2,2 millilonar nordmenn. FHI klaga på Datatilsynets vedtak om å avslå varig lagring. Personvernnemnda valde ikkje å ta klaga til følgje.


Registra som var tenkte samankopla var Medisinsk fødselsregister, Dødsårsakregisteret, samt fødelandsregister og opplysningar om utdanning frå Statistisk sentralbyrå.Forskingsfila var tenkt å bli oppdatert kvart femte år med ferske opplysningar frå registra.

Datatilsynet gav konsesjon for ein periode avgrensa til fem år, det vil seie at Folkehelseinstituttet fekk eit delvis avslag på konsesjonssøknaden sin.

Folkehelseinstituttet klaga saka inn for Personvernnemnda.Klaga gjaldt bl.a.Datatilsynet si lovtolking som konkluderer med at tilsynet ikkje hadde heimel til å gi løyve (konsesjon) til store, varige helseregister med sensitivt innhald, samt at Datatilsynet i vilkår til utlevering av forskingsfila krev at mottakaren har konsesjon frå Datatilsynet.

Personvernnemnda tek i sin ferske avgjerd ikkje klaga til følgje.

Dette blir grunna med at Datatilsynet ikkje har kompetanse til å gi konsesjon til slike register.

Nemnda trekkjer fram forarbeida til helseregisterlova der det heiter at register med få og ikkje spesielt sensitive helseopplysningar, og register som ikkje er langvarige, kan opprettast etter konsesjon frå Datatilsynet.Ein føresetnad for at helseopplysningar skal kunne innsamlast til slike tidsavgrensa helseregister er at den registrerte samtykkjer, med mindre det er gjort eller blir unnatak gjort for teieplikta i medhald av lov om helsepersonell § 29.

(Ot- prp nr 5 (1999-2000))

Nemnda peikar på at det i tvilstilfelle må leggjast vekt på at formålet til helseregisterlova er å sikre bl.a. kvalitet, styring og planlegging gjennom eit betre heimelsgrunnlag.Hovudregelen i helseregisterlova § 8 sikrar at Kongen i statsråd fastset opprettinga av sentrale helseregister.Denne retten er ikkje delegert til andre, for eksempel eit departement.Nemnda fastslår at det er lite ønskjeleg med ein praksis der Datatilsynets kompetanse blir strekt - og etableringa av register dermed ikkje blir underlagd den kontrollen og politiske vurderinga som helseregisterlova er meint å sikre.

Personvernnemnda ser saka også som eit spørsmål om korleis ein bør gå fram når ein ønskjer å etablere eit forskingsregister som dette.Nemnda meiner det er nærliggjande at søkjaren heller fremjar eit forslag om forskriftsvedtak.

Les Personvernnemndas avgjerd her (nytt vindauge)

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy