Datatilsynet støttar i ei høyringsfråsegn at forsikringsselskap ikkje skal kunne nekte å gi forsikring utan sakleg grunn.
I dagens samfunn blir det kravt av og til forsikring for å kunne ta del i andre gode.Personopplysningar om kvar enkelt er i mange tilfelle med på å avgjere om ein skal få forsikring eller ikkje.
- Avslag på forsikringar med bakgrunn i mindre relevante opplysningar kan få store konsekvensar for enkeltpersonar, seier seniorrådgivar Hanne P.Gulbrandsen i Datatilsynet.Ho kan fortelje at mange av dei som vender seg til tilsynet har blitt nekta forsikring på bakgrunn av registrerte betalingsmerknader.Eit stort tal av desse blir nekta for eksempel inngåing av avtale om bilforsikring.
Personvern
Forsikringsselskapa ønskjer å gjennomføre stadig meir nærgåande og fingrupperte risikovurderingar basert på opplysningar dei sjølv meiner er relevante.Datatilsynet peikar i høyringsfråsegna si på at dette fører til å uthole den solidariske grunntanken i forsikringsordningane, samtidig som personvernet blir truga.
I personvernretten er det nedfelt grunnvilkår om at ein berre skal bruke dei personopplysningane som er nødvendige, relevante og sakleg grunna i den aktuelle samanhengen. Datatilsynet finn det derfor positivt at Justisdepartementet vurderer å forby nekting av forsikring utan sakleg grunn, og krevje at selskapa grunnar eit eventuelt avslag.Eit slikt initiativ kan gi eit betre personvern i forsikringsretten.
Les heile høyringsfråsegna (pdf, nytt vindauge)