Det har den siste tida fleire gonger blitt hevda i ulike medium at Datatilsynet seier nei til kameraovervaking i buss og tog. Dette stemmer ikkje.
Datatilsynet har godteke at det kan nyttast kamera i sjåførområdet og mot inngangspartia.Dette for å vareta tryggleiken til sjåføren og dei reisande.
Usemje om passasjerområde
Personvernnemnda skal i løpet av hausten avgjere om bussane og togsetta også skal kunne kameraovervake passasjerområda.
Det er berre om desse områda usemja gjeld.
Datatilsynet sine vurderingar kan lesast i breva som er sendt til Personvernnemnda:
NSB (pdf-format, nytt vindauge)
Sporveisbussene AS (pdf-format, nytt vindauge)