Datatilsynet melder Redningsselskapet til politiet
(03.10.2005) Ove Skåra 
print

Datatilsynet har i dag meldt Redningsselskapet v/generalsekretær Monica Kristensen Solås til politiet for fleire brot på personopplysningslova. Meldinga er gjord med bakgrunn i eit tilsyn gjennomført den 24.august.


Leiinga i selskapet har blant anna søkt i e-posten til fleire medarbeidarar utan tilstrekkeleg vurdering av om innhaldet var relatert til verksemda eller av privat karakter. Det ble også foretatt søk i e-post som de berørte ansatte hadde slettet (i mappen for "slettede e-post") og ved å søke gjennom såkalte "backup-filer". Vidare blei det gjort søk i e-post som var sendt til og frå dei tillitsvalde.I tillegg til å bryte personopplysningslova har Redningsselskapets leiing også opptrøtt i strid med interne retningslinjer og rutinar.

Ved sidan av å melde forholdet til politiet har Datatilsynet varsla fleire pålegg til Redningsselskapet.Dette gjeld blant anna at selskapet må etablere og dokumentere rutinar knytte til dei tilsette si bruk av datasystemet og sletting av back-up. Selskapet må også oppfylle informasjonsplikta overfor dei tilsette.

På grunn av den store allmenne interessa som er vist i saka finn Datatilsynet det riktig å publisere rapporten frå tilsynet.Redningsselskapet har fått ein frist til 15. oktober på å kome med eventuelle innvendingar mot rapporten og dei varsla pålegga.

Saksnummer hos Datatilsynet: 05/949-16.

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy