Tillit og misbruk
(19.10.2005) Gunnel Helmers 
print

Kvar sjette person har opplevt at personopplysningar har kome på avvegar eller blitt misbrukte. Dei fleste stolar på lovgivinga, ”systemet” og Datatilsynet - og gir frå seg personopplysningar sjølv om dei ikkje nødvendigvis har lyst.

- Dette kan absolutt vere uheldig, seier juridisk direktør Knut-Brede Kaspersen i Datatilsynet. Systemet legg opp til at det hovudsakleg er den einskilde sjølv som vel kva som skal skje med eigne opplysningar.Har ein fyrst akseptert, er det ikkje gitt at Datatilsynet kan rydje opp.

Tittel: Lister Copyright: Egil Nyhus/Datatilsynet
Illustrasjon: Egil Nyhus

Tre av fem meiner at personvernet generelt er så godt verna at ein trygt kan gi frå seg opplysningar.Likevel finn ein område som skaper uro.Fire av fem uroar seg over personvernaspektar ved netthandel.Når dei handlar over Internett, er respondentane meir urolege for at opplysningar blir samla opp over tid og at opplysningar kan bli gitte vidare til andre, enn dei meir klassiske forbrukarrettane.Sett i samanheng med det relativt lave medvitet rundt det å gi frå seg personopplysningar, kan dette tyde på at det ikkje nødvendigvis er nokon god samanheng mellom ei eventuell uro for personvernet og det ein faktisk vel å gjere.

Sjølv om oppslutninga om kameraovervaking er stor, er kvar fjerde nordmann svært eller noko uroleg for at opptak frå slik overvaking skal misbrukast.To av fem er urolege for misbruk i samband med bruk av mobiltelefon, same del seier at dei føler uro ved bruk av Internett.

Ein av seks har opplevt at eigne personopplysningar har kome på avveg eller er blitt misbrukte.Dei som har opplevt dette sjølv, er mindre tillitsfulle enn dei andre.

Fire av fem stolar på at Datatilsynet passar på at personopplysningar ikkje blir misbrukte.

- Datatilsynet følgjer med på personvernutviklinga, og seier frå på område der personvernet blir pressa, seier Knut-Brede Kaspersen.- Det er klart at vi grip inn når vi ser lovstridige forhold, men det ser ut til at mange ikkje tenkjer på at ein aksept er ein aksept.Har ein fyrst akseptert, vil bruken av personopplysningar ofte vere lovleg:Samtykkjer du til å få tilsendt epostreklamé for å få ein vareprøve, må du rekne med at du faktisk får epostreklame, forklarer han.

Personvernundersøkinga 2005: "Setter vår lit til storebror ... og alle småbrødrene med?" (Nytt vindu, hos Transportøkonomisk institutt) 

 

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy