Virksomhetsundersøkelsen
(15.02.2006) Gunnel Helmers 
print

Undersøkinga blant 424 verksemder viser at verksemdene har ein grunnleggjande positiv haldning til personvern. Likevel er kunnskapen om pliktene etter personvernlovgivinga svært låge.

Mange verksemder meiner at krava i personopplysningslova ikkje gjeld for dei. Dette gjeld sjølv om dei bruker personopplysningar, og denne bruken dermed vil vere omfatta av lova. Ein låg del av verksemdene seier at dei etterlever krava som følgjer av lova eller forskrifta. Krava gjeld blant annan informasjonstryggleik, internkontroll og informasjon til den som opplysningane gjeld.

Halvparten av verksemdene seier at dei har etablert eit system for internkontroll. Ein god del av desse seier likevel at dei ikkje har rutinar for sletting av opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for det opphavlege formålet. Berre eit av tre verksemder seier at dei fører ei systematisk oversikt over kva personopplysningar som blir behandla i verksemda. Noko så enkelt som sletterutinar og ei oversikt over bruk av personopplysningar i verksemda er ein heilt nødvendig faktor for å kunne drive verksemda i tråd med personopplysningslova.

Undersøkinga blei utførd av forskar Inger-Anne Ravlum ved Transportøkonomisk institutt på oppdrag frå Moderniseringsdepartementet (no Fornyingsdepartementet) og Datatilsynet.

Les heile undersøkinga: TØI-rapport 800/2005 (hos TØI, nytt vindauge)

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy