Datatilsynet vil ikkje godta ordninga med dopingkontrollar på treningssentera, sjølv om mosjonistane samtykkjer. Tilsynet meiner tiltaket er for inngripande.
Det går eit vesentleg skilje mellom idrettsfolk på høgare nivå og mosjonistar, skriv Datatilsynet i vedtaket sitt. Toppidretten er spesiell fordi det er nødvendig å sikre lik konkurranse. Slike behov gjeld sjeldan for mosjonistar. For mosjonistane vil dopingtestar eventuelt måtte bli grunna i ein mogeleg helseskadelege effekt.
Datatilsynet grip sjeldan inn i forhold til behandling av personopplysningar som byggjer på den einskilde sitt samtykke. Likevel ser tilsynet samtykke som eit lite eigna grunnlag for gjennomføring av dopingtestar. Datatilsynet trur ordninga hovudsakleg vil inkludere dopingfrie mosjonistar, og overfor desse vil tiltaket vere urimeleg inngripande.
Eit fokus på dopingmisbruk er nødvendig, og Datatilsynet kan sjå at treningssentre er eit nærliggjande nedslagsfelt. Det same vil kunne seiast om for eksempel skular, ungdomsklubbar og arbeidsplassar. Datatilsynet vil ikkje finne det akseptabelt at det blir gjennomført dopingtestar av einkvar som måtte samtykkje til det.
Datatilsynet meiner at dopingtestar av mosjonistar på treningssentre er eit urimeleg inngrep i den einskilde si private sfære, og dermed i strid med dei prinsippa som ligg til grunn for personvernlovgivinga. Kjøp og bruk av dopingmidlar er ikkje forbode. På linje med inntak av andre potensielle helseskadelege stoff eller andre risikofylte aktivitetar som heller ikkje er forbodne, må ein vurdere om ikkje den einskilde sjølv er nærmast til å vurdere om han eller ho likevel ønskjer å gjere dette.
Les vedtaket (pdf, nytt vindauge)