Jukseteneste for innsyn i pasientjournal
(18.04.2006) Gunnel Helmers 
print

I påska blei det reklamert for ei webteneste som skal gi tilgang til eigne og alle andre sine sjukejournalar. Tenesta gir ikkje innsyn i reelle helseopplysningar, men er reklame for eit TV-program.


Datatilsynet har fått fleire spørsmål frå folk som reagerer på annonsen og webtenesta.
Reklamen fanst både i VG og på plakatar langs vegane. Nettsida og annonsane er oppretta i samband med marknadsføring av ein TV-serie som kjem i ein norskspråkleg TV-kanal.
Fiktiv teneste

Tenesta er med andre ord fiktiv. Det har inga forankring i realiteten at alle som ønskjer i dag kan få tilgang til naboen sin pasientjournal. Det er ikkje skjett nokon ulovleg utlevering frå pasientjournalar, og dermed er dette ikkje ei sak for Datatilsynet. Forbrukarombodet har funne at annonsen og nettstaden strider mot marknadsføringslova sitt krav til god marknadsføringsskikk.

Les Forbrukarombodet sitt brev til TV-kanalen her (pdf, nytt vindauge)

Dagbladet valgte å ikke publisere annonsen. Dagbladet sin artikkel om annonsen finn du her (nytt vindauge, Dagbladet.no)

Dersom du ønskjer å lese meir om personvern og helseopplysningar, finn du nyttig informasjon her:
Sjå Datatilsynet sine sider om helse.


 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy