Politiet i Rogaland gav førelegg til ein arbeidsgivar for ulovleg overvaking av ein herregarderobe. Overvakinga var verken skilta eller meldt til Datatilsynet.
Ein bilverkstad i Stavanger-området gjennomførte kameraovervaking av garderoben for dei mannlege tilsette utan at dette var skilta eller informert om på annan måte. Formålet var å avsløre eventuelle straffbare forhold utførd av dei tilsette i arbeidstida. Forholdet var allereie meldt til politiet av fagforeininga til dei tilsette då saka kom inn til Datatilsynet.
- Datatilsynet har aldri akseptert kameraovervaking i garderobar, seier Sverre Engelschiøn, seniorrådgivar i Datatilsynet, og peikar på at ein i slike rom forventar ein viss diskresejon. - Spesielt ille er det når slik overvaking skjer i smug, fastslår Engelschiøn.
Datatilsynet vurderte på bakgrunn av føreliggjande informasjon at kameraovervakinga ikkje oppfylte lovkrava. Tilsynet kunne ikkje sjå at det fanst eit særskilt behov for overvaking. Overvakinga var verken varsla eller meldt til Datatilsynet. På denne bakgrunnen blei saka meldt til politiet for å støtte fagforeininga.
Politiet var einig i at kameraovervakinga var ulovleg, og ila arbeidsgivaren eit førelegg for brot på personopplysningslova sine krav om at kameraovervaking både skal skiltast for publikum og bli meldt til Datatilsynet.
- Datatilsynet er svært nøgd med at politiet prioriterte denne saka og slo ned på overvakinga, seier Sverre Engelskiøn.