Sportsprestasjonar og privatopplysningar på Internett
(13.06.2006) Gunnel Helmers 
print

Personvernnemnda har avgjort to nye klagesaker. Begge sakene handlar om publisering av personopplysningar på Internett. Nemnda har blant annan vurdert ytringsfridom og høvet til å straffe publisering av personopplysningar.

 

Publisering av resultatlister og graderingslister innan idrett

Ein karateklubb publiserte ei liste over klubben sine meritterte utøvarar. Ein av utøvarane melde seg ut av klubben og bad om å bli sletta frå lista. Leiar av karateklubben avviste kravet og viste til at ytringsfridomen gav han ein rett til å publisere lista.

Etter ei konkret vurdering kjem Personvernnemnda til at karateklubben si heimeside er ei side med resultat, rangeringar og klubbrelaterte nyheiter som blir omfatta av omgrepet "journalistisk formål" i personopplysningslova si § 7. Personvernnemnda understrekar at bruken av personopplysningar dermed er verna av ytringsfridomen. Klagaren kan derfor ikkje krevje at opplysningane om graderinga skulle slettast. Eit motsett resultat ville ifølgje Personvernnemnda medført at ein person kan "redigere" historia og gjere den ufullstendig.

Les Personvernnemnda si avgjerd - klagesak 2005-14 (nytt vindauge, hos Personvernnemnda)

Publisering av svært personlege opplysningar på Internett
Saka gjaldt publisering av av svært personlege karakteristikkar av klagaren og klagaren sin familie. Opplysningane låg ute på Internett i omlag to veker. Datatilsynet valde å avslutte saka etter at opplysningane blei fjerna frå nettstaden.

Klagaren meinte i hovudsak at Datatilsynet avslutta saka for tidleg. Personopplysningane låg etter klagaren si meining ute så lenge at dei kunne valde skade. Klagaren ønskte at den som hadde ansvar for publiseringa burde ha blitt stilt til ansvar samt blitt pålagt å svare på Datatilsynet sine spørsmål om forholdet til lovverket på ein tilfredsstillande måte.

Personvernnemnda behandla i hovudsak spørsmålet om avvisinga var riktig. Samtidig såg nemnda også på om publiseringa av opplysningane var lovleg. Nemnda kom til at opplysningane om levande personar var publiserte i strid med personopplysningslova. Dei blei publiserte utan lovleg behandlingsgrunn, som for eksempel eit samtykke, og at formålet med publiseringa ikkje var sakleg grunna. Personvernnemnda viser i avgjerda si til at opplysningar om avdøde personar berre fell innanfor personopplysningslova dersom opplysningane også kan knytast til ein levande person.

Personvernnemnda meinte likevel at ingen av personopplysningslova sine sanksjonar var aktuelle i denne saka.

Datatilsynet fekk kritikk for ikkje å ha opplyst om klagehøvet då vedtaket om avslutting blei send.

Les Personvernnemnda si avgjerd - klagesak 2006-01 (nytt vindauge, hos Personvernnemnda)

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy