Nyhetsbrev fra datatilsynet
Les mer og bestill>>
Tilsyn ved Helse Bergen HF
(29.08.2006) Datatilsynet og Helsetilsynet i Hordaland 
print

Tilsette ved Helse Bergen HF har tilgang til for mange pasientjournalar.

Helseføretaket har valt å gjere informasjon om pasientar lett tilgjengeleg for dei tilsette, men tek ikkje nok omsyn til at sensitiv informasjon samstundes må vernast aktivt mot innsyn frå uvedkomande.

Helsetilsynet i Hordaland, Statens helsetilsyn og Datatilsynet gjennomførte 8. og 9. mai 2006 tilsyn ved Helse Bergen HF, Haukeland Universitetssjukehus. Hensikta var å sjå korleis helseføretaket sikrar teieplikta ved bruken av pasientjournalsystemet Doculive og det pasientadministrative systemet PIMS.

Tilsynet avdekte at innhaldet i dei elektroniske pasientjournalane ikkje er forsvarleg verna mot innsyn frå tilsette som ikkje har legitimt behov for opplysningane. Systemet med etterkontroll av kven som har slått opp i systema er ikkje tilstrekkeleg. Etterkontrollen kan heller ikkje erstatte ei avgrensing av tilgang på førehand.

For vid tilgang
Helsepersonell skal ha tilgang til dei opplysningane dei treng for å yte forsvarleg helsehjelp. Ved dei kliniske avdelingane har dei tilsette behov for journalane til pasientane dei tek del i behandlinga av. Journaltilgang ut over dette blir i hovudsak ikkje vurdert som nødvendig. Ved Helse Bergen HF har store grupper vesentleg større tilgang til pasientjournalar enn behova tilseier. Dei noverande datasystema er lite eigna til å sikre pasientane sin rett til vern mot spreiing av opplysningar med den organiseringa helseføretaket har valt.

Personopplysningar skal vernast

Formålet med teieplikta er å verne om pasientane sin integritet og sikre at befolkninga har tillit til helsetenesta og helsepersonell. Pasientane skal føle seg trygge på at opplysningane som blir gitt i samband med helsehjelpa ikkje er tilgjengelege for andre enn dei som tek del i behandlinga. Teieplikta er ikkje berre ei passiv plikt til å teie, men også ei aktiv plikt til å hindre at uvedkommande får tilgang til informasjon som er underlagt teieplikt. Forsvarleg handtering og oppbevaring av pasientopplysningar er ein føresetnad for å etterleve den lovbestemte teieplikta. Utveksling av slik informasjon skal berre skje når det er nødvendig for behandling og oppfølging av pasienten, eller i situasjonar der det ligg føre anna rettsleg grunnlag for å gi slik informasjon. Dei gjeldande krava om teieplikt i helsepersonellova inneber inga liberalisering i forhold til tidlegare lovgjeving når det gjeld informasjonstilgang for personell. Det er leiinga som har ansvaret for at systema er i samsvar med lova.

Eit problem fleire stader?

Teieplikta er ikkje sikra ved Helse Bergen HF fordi oppbygginga av datasystema er dårleg tilpassa ei organisering der helsepersonell arbeider på tvers av post, seksjon og avdeling. Det er derfor grunn til å tru at andre helseføretak har liknande utfordringar.

Heile rapporten kan lesast her (pdf, nytt vindauge)


Kontaktpersonar

Kontaktperson i Helsetilsynet i Hordaland:
fylkeslege Helga Arianson: 55 57 23 00

Kontaktperson i Datatilsynet:
seniorrådgjevar Sverre Engelschiøn: 22 39 69 00

Fleire relaterte dokument:

Datatilsynet var på tilsyn ved Helse Bergen HF 10. november 2005. Den endelege rapporten frå dette tilsynet finn man her:

Datatilsynets tilsynsrapport frå tilsyn ved Helse Bergen HF - Avdeling Kysthospitalet i Hagevik (pdf, nytt vindauge)

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy