Nyhetsbrev fra datatilsynet
Les mer og bestill>>
Vallova - krav om legitimasjon
(19.09.2006) Gunnel Helmers 
print

Datatilsynet har kome med ei høyringsfråsegn til forslag til endringar i vallova.

Datatilsynet meiner det er uheldig å innføre krav om legitimasjon dersom det ikkje ligg føre eit reelt behov for legitimering. Det norske valsystemet er bygt opp på ein slik måte at eit fåtal feilstemmer ikkje vil få noka reell tyding for resultata i valet. Datatilsynet ser likevel at det har tyding for folk sin tillit til det demokratiske systemet at ein innfører ordningar for å forhindre at kvar veljar stemmer meir enn ein gong, eller at feil person stemmer. Datatilsynet opplever ein aukande pågang av klagar frå personar som blir utsette for forskjellige former for identitetstjuveri. Sjølv om ingen av desse spørsmåla har vore knytt til røysting ved val, ser Datatilsynet at det er uheldig dersom det ikkje blir kontrollert at veljaren er den han eller ho utgir seg for å vere.

Les Datatilsynet si høyringsfråsegn til endringar i vallova her (pdf, nytt vindauge)

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy