Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i dag sendt ut på høyring eit forslag til regler som skal regulere tilgangen til arbeidsgivaren til dei tilsette sin e-post, samt innsyn i annan elektronisk kommunikasjon.
Utgangspunktet for forskrifta er at arbeidsgivar ikkje har innsynsrett i dei tilsette sin e-post mv., bortsett frå i nærmare beiskrivne situasjonar. Ein vil dermed i stor grad gå bort frå samtykke som grunnlag for innsyn. Sentralt i forslaget er også føresegner om korleis eit innsyn skal gjerast, medrekna varsling til dei berørde tilsette.
Etter Datatilsynets vurdering vil den forskriftsføresegnene kunne føre til at arbeidsgivarane vil få eit meir medvite forhold til tilsette si bruk av verksemda sine datasystem, samtidig som regelverket for dei tilsette vert klårare. Arbeidsgivar får ei klar oppfordring til å lage ein instruks for å tilpasse reglene til eige verksemd og vil måtte tenkje gjennom kva bruk av systemet som vil vere akseptabel.
Det blir også foreslått at Datatilsynet skal giast høve til å gi eit ”overtredelsjåssgebyr” ved brot på personopplysningslova eller forskrifta. Dette vil etter Datatilsynets vurdering vere eit godt supplement til dagens løysing, der einaste reelle sanksjon er å melde grove brot på lova til politiet.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har sett høyringsfristen til 17. januar 2007.
Les forslaget til nye regler her (pdf, nytt vindu).