Georg Apenes, direktør i Datatilsynet, er positiv til regjeringa si plan om å opprette ein personvernkommisjon.
Ønsket om meir offentleg debatt om personvern er bakgrunnen når regjeringa no vil opprette denne kommisjonen. Kommisjonen er eitt av tiltaka i IKT-meldinga ”Eit informasjonssamfunn for alle” som vart lansert i dag.
Fornyingsminister Heidi Grande Røys viser til at personvernet stadig blir utfordra på ny måtar i informasjonssamfunnet. - Eg meiner behovet er til stades for å vurdere om den nye teknologien som omgir oss stadig meir fører til eit behov for å endre oppfatninga vår av personvern og datatryggleik, seier fornyingsministeren.
At det er mogleg å trekkje seg tilbake til ein verna privatsfære er for mange ein føresetnad for aktiv demokratisk deltaking, heiter det i IKT-meldinga. - Det kan derfor hevdast at personvern er ein førestenad for velfungerande demokratiske samfunn.
- Kommisjonen bør ikkje vere for stor, og den bør ikkje bestå av for mange juristar eller andre akademikarar, er rådet frå Apenes. Den bør veljast ut blant personar som har eit sterkt engasjement for at vi framleis skal ha ein liberal og demokratisk rettsstat i Noreg. Dersom ein er einig i dette utgangspunktet, finst det mange interessante kandidatar også utanfor Oslo-gryta, slår Georg Apenes fast.
Meldinga har eit sunt fokus på at teknologi også kan fremje personvernet, meiner Apenes. - Blant anna er det positivt at folk enklare skal kunne få innsyn i opplysningar om seg sjølv.
Skal vi få vere anonyme?
-Personvernkommisjonen vil mellom anna få som oppgåve å komme med forslag som kan styrkje personvernet sin status og å gjere lover og reglar lettare tilgjengelege.
Mandatet for kommisjonen er enda ikkje klart. Grande Røys har likevel sagt at eitt av områda ho vil be kommisjonen ta opp er spørsmålet om vi har ein rett til å vere anonyme i dagens samfunn.
- Det er ein interessant og viktig debatt om vi skal ha ein lovfesta rett til å ferdast anonymt eller om vi må godta at somme alltid veit kor vi har vore og når vi var der. Det bør diskuterast kva forholdet skal vere mellom å opprettholde tryggleiken i samfunnet gjennom overvaking og retten vår til privatliv og anonymitet, seier fornyingsministeren.