Nyhetsbrev fra datatilsynet
Les mer og bestill>>
Tysvær kommune: Fingeravtrykk ved pålogging
(04.01.2007) Gunnel Helmers 
print

Personvernnemnda har omgjort Datatilsynets vedtak som ville hindra Tysvær kommune i å bruke fingeravtrykk som pålogging til datamaskinene sine.

Datatilsynet si grunngiving for vedtaket var at kommunen, etter Datatilsynets oppfatning, hadde gode alternativ til fingeravtrykk, for eksempel smartkort kombinert med passord. Synspunktet var basert på ei tolking av personopplysningslova si § 12 som krev at det både må liggje føre eit sakleg behov for sikker identifisering, og at den valde metoden må vere nødvendig for å oppnå slik identifisering.

Personvernnemnda omgjorde vedtaket. Etter Personvernnemndas syn er kommunen sin bruk av fingeravtrykksløysing nødvendig og derfor tillaten etter personopplysningslova si § 12.

Vedtaket er konkret knytt til Tysvær kommune og den dataløysinga den har valt. Vedtaket inneber derfor ikkje nokon plikt for alle kommunar til å kjøpe løysingar som gjer bruk av fingeravtrykk. At Personvernnemnda har vurdert og godkjend løysinga i ein spesiell kommune, vil ikkje utan vidare gjelde andre kommunar, bedrifter eller etatar. Kvar enkelt kommune og verksemd må framleis vurdere kva som vil gi tilstrekkeleg tryggleik ut frå eigen bruk av personopplysningar.

Les personvernnemndas vedtak her (pdf, nytt vindu)

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy