Personvernnemnda har fatta vedtak i to saker som gjeld bruk av fingeravtrykk, klagar frå Esso Norge og REMA 1000.
Datatilsynet nekta desse to verksemdene å bruke fingeravtrykk etter ei tolking av personopplysningslova si § 12. Denne paragrafen krev at verksemder som vil ta i bruk eintydige identifikasjonsmidlar må ha eit sakleg behov for sikker identifisering, og at metoden må vere nødvendig for å oppnå slik identifisering.
Den eine saka, klage frå Esso Norge AS, gjeld tilgangskontroll. I denne saka fell nemnda ned på at det finst eit sakleg behov for bruk av fingeravtrykksles, og at bruken er nødvendig for å oppnå sikker identifisering. Nemnda tok dermed klaga til følgje. Eitt medlem av nemnda dissenterte.
Les vedtaket på klaga frå ESSO Norge AS her (pdf, nytt vindauge)
I den andre saka, ei klage frå REMA 1000, ønskte ein å bruke fingeravtrykk til eit tidsregistreringssystem. Nemnda fell ned på at REMA 1000 har eit sakleg behov for sikker identifisering i samband med timeregistrering. Nemnda finn likevel ikkje at bruken oppfyller kravet om at fingeravtrykk også må vere nødvendig. Butikkjeda kan også bruke andre og mindre sikre identifikasjonsmidlar. Klaga blei ikkje teken til følgje.
Les vedtaket på klaga frå REMA 1000 her (pdf, nytt vindauge)