Tilsyn – bruk av personprofilar
(22.05.2007) Gunnel Helmers 
print

Hausten 2006 såg Datatilsynet nærmare på bruken av personprofilar i 21 norske verksemder. Halvparten nytta profilar, men berre ei verksemd informerte godt nok.

Tilsynsprosjektet viste tydeleg at få kjenner reglane for bruk av personprofilar.
- Eg oppmodar marknadsførarar og andre som skreddarsyr tilbod til kundar å lese den nye rettleiaren Datatilsynet no har laga, fastslår Katrine Berg, fagansvarleg for marknadsføringsfeltet i Datatilsynet.

Når ei verksemd kombinerer opplysningar, og ut i frå desse lager hypotesar om enskilde personar si åtferd, evnar, preferansar eller behov, bruker ein personprofilar. For eksempel vil opplysningar om namn, adresse, varegruppekjøp, pris på vare og tidspunkt for kjøp saman kunne danne grunnlaget for ein personprofil. Verksemda får ei ekstra informasjonsplikt dersom desse opplysningane blir brukte til å skreddarsy meldingar til kunden, eller treffe avgjerder overfor ein enkeltperson. Når kundeinformasjonen berre blir brukt til statistikk, vil det ikkje vere personprofilar. Då kan ein heller ikkje lagre informasjonen på ein slik måte at ein kan finne tilbake til personane opplysningane stammar frå.

Undersøkinga blei gjennomført som brevkontroll. Eitt av tilsynsobjekta svarde ikkje.

Få verksemder innhenta samtykke, og samtykkeerklæringane var mangelfulle. Fleire henta berre samtykke til å sende marknadsføring via e-post, men ikkje til å nytte seg av profilen, slik lova krev.

Nokre verksemder lagar profilar men opplyser om at profilane ikkje blir brukte. Datatilsynet har overfor desse stille spørsmåla om kravet til sakleg behov er oppfylt.

Etter tilsynsrunden har Datatilsynet merka seg at det er behov for meir informasjon på området. Tilsynet har derfor utforma ein rettleiar for bruk av personprofilar.

Les rettleiaren Personprofiler - hvilke regler gjelder?

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy