Sommaren 2006 mottok Datatilsynet fleire spørsmål (klagar) frå innbyggjarar i Rogaland som ubedd hadde fått eit ”plastkort” påført namn og fødselsdata, i posten.
Kortet var sendt ut av Rogaland Kollektivtrafikk FKF (RKT), og var eit såkalla reisekort, med namnet ”Kolumbuskortet”.
Datatilsynet kravde blant annan betre informasjonstryggleik rundt reisekontoen, og sletting av reisemønster kopla til den einskilde reisande dersom selskapet ikkje kunne vise til samtykke eller annan heimel for lagring.
Klagaren meiner at tryggleiken er god nok, og at lagring av reisemønsteret både er viktig kundeservice, og at bokføringslova også krev det.
Saka er send til Personvernnemnda for vurdering.
Les oversendingsbrevet (pdf, nytt vindauge)