Råd til e-forvaltninga
(11.09.2007) Gunnel Helmers 
print

Datatilsynet kjem med tre konkrete tilrådingar om e-forvaltning i det offentlege: Ikkje bruk fødselsnummer på offentlege portalar, vis varsemd ved publisering av personopplysningar og stimuler til auka bruk av e-ID og e-signatur.

I eit brev til Fornyings- og administrasjonsdepartementet trekkjer Datatilsynet fram fleire punkt der tilsynet meiner ein må vise ekstra aktsemd, blant anna:

  • Mengda personopplysningar som blir publisert i portalar og på offentlege nettstader kan bli så omfattande og lett tilgjengeleg at profilar på enkeltindivid kan få kommersiell verdi. Datatilsynet er uroleg for at den enkle tilgangen kan gjere Noreg til eit attraktivt område for kriminelle aktørar som ønskjer å utnytte svakheiter i samfunnet og i infrastrukturen.
  • Verksemder utanfor landet sine grenser, også i land utanfor EØS, kan hauste store mengder personinformasjon mot vilja til den einskilde.  Då vil verken tilsynet eller andre europeiske styresmakter ha høve til å handheve rettar i personopplysningslova eller EU-direktivet.
  • Tilliten til offentleg forvaltning kan bli varig svekka når befolkninga oppdagar i kor stor grad det offentlege gjer informasjon om deira personlege forhold tilgjengeleg for andre. 

Fryktar ID-tjuveri

- Vi fryktar blant anna identitetstjuveri, seier Leif T. Aanensen, avdelingsdirektør i avdelinga for tryggleik og tilsyn i Datatilsynet. - Mange norske nettstader bidreg til den auka risikoen. Dette gjeld også offentlege nettstader, føyer han til. - Trenden dei siste åra har vore at stat og kommune sjølv publiserer personinformasjon i stadig større grad. - Og i sommar blei det tydeleg for dei fleste at norske databasar er interessante for utanforståande. Då kom informasjon om meir enn 100 000 personar på avveg etter at somme nytta seg av dårleg tryggleik på både private og offentlege nettstader, forklarer han. Eit dataprogram laga matematisk korrekte fødselsnummer, og desse blei seinare sjekka mot ei offentleg nettside for å luke ut fødselsnummer som ikkje var i bruk. Fødselsnummera blei vidare nytta til å søkje fram personane sine namn og adresser via einskilde teleleverandørar sine nettsider. 

Råda frå Datatilsynet

Som ein følgje av desse punkta, har Datatilsynet summert tre konkrete tilrådingar: 

1) Hindre bruk av fødselsnummer og andre varige eintydige identifikatorar i offentlege portalar

2) Gje konsise retningslinjer for kva opplysningar ein ønskjer det offentlege sjølv skal publisere aktivt på nettet. 

3) Elektronisk ID: Det offentlege bør stille seg i fyrste rekkje av aktørar som prøver å få til betre og meir moderne løysingar for sikker samhandling på nettet. I praksis inneber dette at etatane arbeider for aktiv bruk av e-ID og e-signatur. Parallelt  bør det trekkjast opp retningslinjer som sikrar at identifisering berre skjer når det er eit reelt behov.

Les brevet til fornyingsdepartementet  (pdf, nytt vindauge)

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy