Ved melding av biltjuveri risikerer Vesta Forsikring sine kundar å måtte samtykkje i at Vesta sine eigne utgreiarar får utlevert informasjon om kunden sin mobiltelefonbruk. Datatilsynet har nå bedt Vesta om ei stadfesting av at praksisen skal leggast om.
- Eit samtykke skal alltid vere frivillig. Det kan vel ikkje kallast frivillig når ein blir bedt om å samtykkje til at telefonloggar blir innhenta, og Vesta samtidig meiner det finst haldepunkt for at den forklaring som er gitt om tjuveriet kan vere urett, seier Astrid Flesland, seniorrådgjevar i Datatilsynet. Om ein ikkje samtykkjer vil det lett kunne oppfattast som eit forsøk på å dekkje til dei reelle forholda, meiner ho. Datatilsynet er derfor så langt av den oppfatninga at Vesta sin bruk av telefonloggar er i strid med personopplysningslova.
Etterforsking er politiarbeid
Datatilsynet meiner at politiet bør koplast inn på eit tidleg tidspunkt i saka dersom det er mistanke om forsikringssvindel. Forsikringsselskapet skal ikkje sjølv etterforske straffbare forhold. Datatilsynet har forståing for at forsikringsselskapet kan ha behov for å gjere visse undersøkingar for å unngå grunnlause meldingar, men meiner det må stillast strenge krav til kor langt selskapet faktisk kan gå i ein slik samanheng. Ei innhenting av fullstendige telefonloggar vil gje Vesta store mengder overskotsinformasjon i tillegg til at det ikkje er sjølvsagt at telefonloggen vil ha nok beviskraft. Eit alternativ kunne vere at forsikringsselskapet fekk høve til å be telefonselskapet stadfeste konkrete påstandar om bruk av telefon.