Datatilsynet har hatt eit utkast til høyring om endringar i straffegjennomføringslova . I høyringsfråsegna er det særleg to punkt Datatilsynet meiner det må sjåast nærmare på.
For det fyrste må vandelskontroll av tilsette i kriminalomsorga, og kor omfattande denne skal vere, sjåast i samanheng med den tilsette sine arbeidsoppgåver. Ein må både ta omsyn til kva oppgåver som blir utført av den tilsette, og kven vedkomande har kontakt med ved utføringa av dei aktuelle oppgåvene. For det andre meiner Datatilsynet at retten til elektronisk kommunikasjon ved postsendingar for dei innsette må stillast på lik linje med tradisjonell post og telefon. Dette fordi dei innsette ein gong skal ut i eit samfunn som er basert på bruk av ulike former for elektronisk kommunikasjon.
Her kan ein lese heile høyringsfråsegna