Fleire verksemder ber tilsette og jobbsøkjarar om å fylle ut eigenerklæringar der det blant anna blir spurd om ein er tidlegare straffedømt. Datatilsynet er svært kritisk til ei slik ordning så lenge ho ikkje er heimla i lov.
Frivillig?
- Det er frivillig om ein vil skrive under på slike erklæringar, men ein kan jo sjølv tenkje seg kor frivillig det vil kjennast når ein for eksempel er i ein jobbsøkersituasjon, seier Astrid Flesland, seniorrådgivar i Datatilsynet.
Dersom ein ikkje samtykkjer i å svare på spørsmåla i erklæringa vil det lett bli sett på som eit forsøk på å dekkje over straffbare forhold, og ein kan risikere å ikkje få tilbod om jobb. Ei slik eigenerklæring er dessutan ingen dokumentasjon på at personane faktisk ikkje er tidlegare straffedømde. Ein kriminell vil lett kunne lyge i ei slik erklæring, og arbeidsgivaren har ikkje moglegheit til å kontrollere om opplysningane er riktige.
Behov for vandelsopplysningar
Datatilsynet har forståing for at ein del verksemder meiner å ha behov for å innhente opplysningar om vandel. Dette kan for eksempel vere ved tilsetjing av personell som arbeider med tryggleik. Det er då viktig å vere klar over at informasjon om det at ein person er tidlegare straffedømd vil reknast som svært sensitive personopplysningar. Nokre verksemder har heimel i lov til å innhente vandelsattest frå politiet. Det er viktig å merke seg at ein slik heimel ikkje nødvendigvis opnar for bruk av eigenerklæring i tillegg. Datatilsynet ser det slik at verksemda sitt behov for vandelsopplysningar i desse tilfella har blitt vurdert nøye, og at verksemda derfor må avgrense seg til det som faktisk står i heimelen.