I eit brev til Datatilsynet seier Barne- og familiedepartementet seg leie for at vedtaket til fylkesnemnda i den såkalla ”Svanhild-saka” vart lagd ut på Lovdata.
Barne- og familiedepartementet bestemde i fjor at fylkesnemders vedtak for sosiale saker kan leggjast ut på Internett dersom berre namna og nokre få andre opplysningar om dei det gjeld er sladda. Datatilsynet meiner dette ikkje er nok og fatta vedtak om at slike vedtak må anonymiserast på heilt andre måtar før offentleggjering.
”-Uavhengig av korleis departementet vurderer forholdet til teieplikta etter forvaltningslova, kan ein spørje om det er etisk rett at norske styresmakter pressar på for å offentleggjere svært intime detaljar om menneske i ein veldig spesiell situasjon.”, skreiv Datatilsynet mellom anna i brevet til Barne- og familiedepartementet.
For å unngå at tilsvarande skal skje i framtida, vil departementet be leiarane av fylkesnemndene om å gjere ei konkret vurdering av om anonymiteten er tilstrekkeleg ivareteken i kvar einskild sak som skal sendast til Lovdata. Medieeksponering vil vera eit moment i denne vurderinga, seier Barne- og familiedepartementet i brevet sitt til Datatilsynet.
Sjå Datatilsynet sitt brev til Barne- og familiedepartementet