Datatilsynet krev sletting av Emma Hjort-opptak
(06.05.2003) Reaksjonen 
print

Akershus fylkeskommune har fått pålegg frå Datatilsynet om å slette gamle biletopptak av pasientar på institusjonen Emma Hjort. Ulempene ved framleis oppbevaring blir sett som meir tungtvegande enn nytteverdien opptaka vil kunne ha for seinare forsking.

- Biletopptaka har allereie vore ulovleg lagra i over ti år. Det er no på høg tid at dei blir sletta, seier seniorrådgivar Astrid Flesland i Datatilsynet.
Formålet med opptaka var behandling, diagnostisering og den eigne forskinga til institusjonen, men ikkje forsking generelt. Personopplysningslova opnar for at personopplysningar som er samla inn til eitt formål likevel kan brukast til forsking. Men dette føreset at verdien til forskinga blir vurdert til å overstige ubehaget klienten eller familien til klienten vil ha ved framleis oppbevaring av personopplysningane. I tillegg har Riksarkivaren vurdert opptaka og funne at dei fleste dei er gjorde på eit teknisk format som ikkje lenger er i bruk og at materialet er usystematisk og mangelfullt. Derfor går heller ikkje Riksarkivaren inn for lagring av videoane.

Opptaka saka dreier seg om er gjort i tre periodar frå 1978-1991. Akershus fylkeskommune og Emma Hjort hadde rammekonsesjon for dei aktuelle videoopptaka etter personregisterlova av 1978. Konsesjonane for opptaka er ikkje lenger gyldige etter nedlegginga av Emma Hjort skule. Overgangsperioden frå personregisterlova til den nye personopplysningslova er gått ut, så alle konsesjonar etter gammal lov er no ugyldige. I tillegg krev oppbevaring av opptaka ut over to år samtykke frå klientane eller deira føresette. Slike samtykke skal ha vore innhenta, men dei finst ikkje i arkivet. Og det er ingen grunn til å tru at samtykket blei gitt for oppbevaring også etter at skulen er lagd ned.

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy