Sosialkontora kan ikkje krevje kontoutskrifter
(08.05.2003) Redaksjonen 
print

Kontoutskrifter inneheld mykje personleg informasjon som ikkje er relevant for å behandle søknadene til privatpersonane om økonomisk støtte. Derfor kan ikkje sosialkontora krevje at alle skal leggje fram slike, heiter det frå sosialdepartementet.

Datatilsynet har dei siste åra fått ei rekkje spørsmål frå folk som av ulike grunnar søkjer økonomisk støtte hos sosialkontoret. Folk kjenner det krenkjer integriteten deira å måtte utlevere kontoutskrifter frå dei siste tre månader. Derfor lurer dei på om ikkje denne praksisen bryt med personopplysningslova. Det gjer den.

Kontoutskrifter kan innehalde store mengder personleg informasjon. Mykje av denne informasjonen treng sosialkontora i dei fleste tilfelle ikkje for å gjere jobben sin. Personopplysningslova krev at personopplysningar som blir samla inn skal vere relevante for formålet. Derfor skriv Sosialdepartementet i rundskrivet sitt:

”Kva for opplysningar som er nødvendige vil variere. I dei aller fleste tilfelle vil dei vesentlege inntektene så som lønn, trygd, bidrag og utgiftene til bustad, straum, forsikringar, banklån mv. gå fram av lønnsslippar, rekningar, giroblankettar og liknande.”

Datatilsynet er tilfreds med at Sosialdepartementet i dette rundskrivet gir sosialkontora klare retningslinjer.
- No får sosialkontora einsarta rutinar, og sosialklientane slepp å bli prisgitt praksisen til det einskildte sosialkontoret når det gjeld eit så viktig personvernprisnipp, seier seniorrådgivar Guro Slettemark i Datatilsynet.

Les Sosialdepartementets rundskriv her.


 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy