Datatilsynet på linje med Utlendingsnemnda (UNE)
(28.05.2003) Redaksjonen 
print

Datatilsynet er einig i UNE si vurdering av korleis sensitive dokument bør behandlast.

Kommunal- og regionaldepartementet si evaluering av UNE viste at nemndmedlemene sin tilgang til saksdokument er svært redusert. Av omsyn til personvernet til dei saka gjeld, har ikkje UNE sendt ut dei aktuelle saksdokumenta til nemndmedlemene på førehand. Evalueringsrapporten viser til at ein del nemndmedlemer dermed ikkje kjende dei hadde nok tid til å førebu seg.

For å møte kritikken, har UNE vurdert alternative rutinar. Etter å ha blitt forelagt denne vurderinga, seier Datatilsynet seg einig med UNE:

- - Som UNE meiner vi det er nødvendig å sende dokumenta ut på førehand for å gi nemndmedlemene eit grunnlag som er godt nok for å kome til rette slutningar. Og som UNE meiner vi dokumenta bør avidentifiserast før utsending for å tryggje dei personane sakene handlar om. På denne måten tek nemnda det nødvendige omsynet til saksbehandlinga utan at det går ut over personvernet. Dette er dessutan på linje med retningslinjene for anna klagesaksbehandling, seier seniorrådgivar Guro Slettemark i Datatilsynet.

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy