Jobbsøkjarar hos SVIPP Transport i Stavanger må fylle ut eit skjema med ei rekkje sensitive spørsmål før dei eventuelt får jobb. Blant anna må dei svare på spørsmål om helsetilstand, alkoholbruk og om dei nokon gong har gjort lovbrot
Datatilsynet har reagert på spørsmåla som vert stilte. Personopplysningslova set klare grenser for kven som har lov til å handsame denne typen sensitive opplysingar. Tilsynet kan ikkje sjå at SVIPP Transport har sakleg behov for desse opplysningane, eller heimel i lova til å handsame dei.
Datatilsynet kravde for meir enn to månader sidan at SVIPP Transport skulle endre søknadsskjemaet, utan at kravet er tatt til følgje. Datatilsynet har difor gitt SVIPP Transport frist til å fjerne kravet om dei sensitive personopplysningane frå søknadsskjemaet innan 1. september.
Tilføyelse: Datatilsynet mottok 25.8.2003 melding om at Internettskjemaet er fjernet.