Eigaren til ei nyetablert verksemd kontakta Datatilsynet og undra på kvifor kemneren hadde sjekka kredittverdet hans. Datatilsynet påpeikte at opplysningar om kredittverde berre kan verte innhenta når det vert søkt om lån eller bedt om noen form for lån.
Kemneren i Tromsø fortalde at årsaka til søket etter kredittopplysningar var at man ønskte å sende ut diverse materiell og informasjon til den nyetablerte verksemda. Datatilsynet vurderte det slik at kemneren ikkje hadde sakleg grunn til å kredittsjekke verksemda. For å kunne kredittsjekke nokon skal man ha sakleg behov for opplysningane. Det vil i praksis si at ein berre kan søke etter kredittopplysningar om menneske som har søkt lån, eller bedt om ein eller annan form for kreditt.
Datatilsynet bad om ei skriftleg stadfesting frå Kemneren i Tromsø på at dei interne rutinane er endra.