Norsk Rikstoto ønskte å bruke fødselsnummer for identifikasjon av spelarar på internett-spelestaden deres. Datatilsynet meinte fødselsnummeret blei brukt i legitimasjonsformål, noko nummeret er heilt uskikka til. No behandla Personvernnemnda saka.
Etter personopplysningslova § 12 kan fødselsnummer berre brukast ”når det er sakleg behov for sikker identifisering og metoden er nødvendig for å oppnå slik identifisering” Som Datatilsynet fann Personvernnemnda at det var sakleg grunn for sikker identifisering, men – også som Datatilsynet – at det den metoden som blei nytta ikkje var eigna til sikkert å identifisere spelaren.