Finansdepartementet har bedt Datatilsynet se på nokre tilføyingar frå Israel i ein foreslått samarbeidsavtale i tollsaker. Datatilsynet vurderer det slik at delar av den foreslåtte samarbeidsavtalen er i strid med dei krava personopplysningslova stiller.
Forslaget til tollsamarbeidsavtale legg opp til at personopplysningar skal kunne leverast ut frå norsk tollvesen til to formål; tollsamarbeid og gjensidig assistanse på tollområdet, og utlevering av opplysningar som berører nasjonal tryggleik.
Etter forslaget skal tollvesena til dei to landa, av eige initiativ eller på oppfordring, halde kvarandre gjensidig oppdatert om all relevant informasjon om aktivitetar som kan resultere i, eller allereie har resultert i, lovbrot i det andre landet. I saker som kan innebere vesentleg skade for økonomi, folkehelse, tryggleik eller andre vitale interesser, skal informasjon giast ubedd.
Når bruken av personopplysningar inneber ein stor trussel mot enkeltmenneske sine personverninteresser, er krava til ein klar lovheimel strengare enn dersom trusselen er mindre.
Datatilsynet meiner at utveksling av opplysningar med nasjonal tryggleik som formål ligg så fjernt frå tollsamarbeid at tollovas føresegner om slikt samarbeid ikkje oppfyller krava personopplysningslova stiller til lovheimel.
Datatilsynet er sjølvsagt ikkje imot at det blir inngått samarbeidsavtalar på tollområdet i tråd med internasjonale avtalar. Derimot ser Datatilsynet ikkje noko grunnlag for å akseptere at opplysningar innsamla av det norske tollvesenet skal brukast til anna enn tollrelaterte formål.
Les Datatilsynets brev til Finansdepartementet