Datatilsynet ber om kjelda for marknadsføring
(23.12.2003) Redaksjonen 
print

Datatilsynet har i eit brev bedt Telenor Mobil gjere greie for kva kjelder for personopplysningar verksemda har brukt i ein kampanje for å få nye abonnentar.

Det er eit krav i personopplysningslova at alle kjelder for personopplysningar som ligg til grunn for direkte marknadsføring skal nemnast. Dette er fordi borgaren treng å vite kven han eller ho skal kontakte for å krevje rettane sine etter lova; mellom anna retting, sletting og reservasjon mot direkte marknadsføring.

Telenor Mobil har krav på seg til å svare på spørsmåla frå Datatilsynet innan 2.1.2003.

Les brevet her

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy