Datatilsynet reagerar på sensitive spørsmål som jobbsøkjarar hos McDonald's må svare på.
Jobbsøkjarar hos McDonald's Noreg må fylle ut eit skjema med ei rekkje spørsmål før dei eventuelt får jobb. Blant anna må dei svare på spørsmål om helsetilstand og vaksinar mot ulike sjukdommar, og på om dei er tidlegare straffedømde eller meldte for kriminelle forhold.
Datatilsynet har reagert på spørsmåla som vert stilte. Personopplysningslova set klare grenser for kven som har lov til å handsame denne typen sensitive opplysingar. Dersom Næringsmiddeltilsynet hadde stilt krav om at tilsette skal vere vaksinerte mot bestemte sjukdommar, kunne dette utgjort heimel til å spørje etter vaksinane. Datatilsynet er ikkje kjend med at eit slikt krav eksisterar, og ber difor om at alle spørsmåla som handlar om helsetilstand vert fjerna frå skjemaet.
Vidare er det svært få jobbar der arbeidsgivar har høve til å krevje vandelsattest. Datatilsynet ber om at spørsmåla om ein tidlegare har vore meldt til politiet, etterforska eller straffedømd vert fjerna frå skjemaet. Tilsynet kan korkje sjå at McDonald's har sakleg behov for desse opplysningane, eller heimel i lova til å handsame dei.
McDonald's har blitt bedne om å komme med ei tilbakemelding på meldinga frå Datatilsynet innan 4. oktober.