Læringssenteret ønskjer å leggje ut statistikk over avgangskarakterane for elevane ved alle ungdomsskulane i landet på Internett. Senteret har skissert ein framgangsmåte som skal sikre at personvernomsyn blir tekne, og Datatilsynet godtar denne metoden.
Læringssenteret har mellom anna ansvar for å gjennomføre eksamen i grunnskolen, og behandlar statistikken over alle resultat frå kommunale og private skolar. Fleire instansar, særleg pressa, har ønskt større grad av innsyn i karakterane, og dette er noko av bakgrunnen for at Læringssenteret no ønskjer å publisere statistikken på skolenivå.
Såframt personvernet for den enkelte eleven blir vareteke, meiner senteret at det ikkje er lovheimel for å halde statistikken for den enkelte skole hemmeleg. Offentlegheitslova gir, etter Læringssenterets meining, rett til innsyn i desse opplysingane. Av personvernomsyn har senteret valt å berre publisere resultat der gjennomsnittet gjeld minimum fem elevar.
Datatilsynet har vurdert Læringssenterets framgangsmåte for å publisere karakterstatistikkane, og er tilfreds med publiseringsmåten og kontrollrutinane. Det skulle dermed vere klart for publisering av årets og fjoråret sine karakterstatistikkar på Læringssenterets nettsider, slik senteret har planlagt.
Les brevet som Datatilsynet har sendt til Læringssenteret..