Skatteavis frå idrettslaget:
(25.11.2002) Redaksjonen 
print

Datatilsynet har den siste tida fått fleire spørsmål frå idrettslag og andre foreiningar om det er noko i vegen for at dei kan trykke og selgje skatteavisar, med utgangspunkt i dei offentleg tilgjengelege skattelistene.

Som Datatilsynet har pekt på også tidlegare år, kan ikkje det å trykke skatteaviser definerast som journalistisk verksemd. Ein er difor ikkje unnateken føresegnene i personopplysningslova, der det mellom anna vert stilt som krav at samtykke skal vere innhenta på førehand frå kvar einskild skattytar, før slik utlevering av personopplysningar vert gjort. Dette inneber difor i praksis at trykking og sal av skatteavisar ikkje er tillete.
Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy